Viser innlegg med etiketten BOKILLUSTRASJON. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten BOKILLUSTRASJON. Vis alle innlegg

onsdag 5. februar 2020

Nå er det åpna opp for nye påmeldingar til gratiskurset "Tegnekurs - alle kan lære å tegne".
Så om du tenkjer at du vil prøve dette - sjå filmen og registrer deg på DENNE LINKEN


mandag 10. juni 2019

Tegnekurs!

Tegnekurset er i støypeskeia.
Eg trur dette blir bra og at det er eit viktig prosjekt.

Kurset har ei eiga side på facebook: https://m.facebook.com/blimedogtegne/

Og ei side på Instagram: https://www.instagram.com/tegnekurs/

Det er kjekt å lage kurs. Eg har bestemt meg for nokre få ting:

1. Kurset skal vere kjekt å jobbe med. Det skal ikkje innehalde stress & redsler. Verken for meg under produksjonen av kurset, eller for deltakarane. Dette er særdeles viktig! Og noko eg har lært gjennom livet. Livet er for kort til å fylle med angst og frykt for alle mulige ting som kan hende.

2. Kurset skal innehalde mine eigne leksjonar. Desse er tufta på lang fartstid innan illustrasjon og teikning. Og leksjonane skal vere lystbetonte. Eg veit at når ein følger instruksene så vil ein lykkast! Det er bra å vite.

3. Nynorsk eller bokmål? Etter å ha gått litt at og fram på dette så har eg kome til at det skal vere på bokmål. Dette for at språket ikkje skal bli ei eiga greie. Eg er nynorskbruker og vil alltid bli det. Men bokmål er like lett - og fleire brukar det - så derfor blei det slik. Det er mest praktisk, rett og slett.

Så, følg med vidare :)







torsdag 9. mai 2019

Gode lesar! Nå er det dags for å poste eit innlegg på teiknebloggen, det er lenge sidan sist! Eg har på trappene eit nytt - og vil eg sei - spennande prosjekt nå. Nemlig eit online-teiknekurs. Dette er noko eg har tenkt på lenge. Eg har også fått spørsmål om eg held kurs, og nå er altså dette i ferd med å bli ein realitet. Så følg med - eg kjem til å legge ut meir info om dette prosjektet her etter kvart. Tegnekurset får også ein instagramkonto: @tegnekurs


torsdag 2. juli 2015

Annlaugs Kulturfabrikk på bryggen i Bergen

Me skriv 2. juli og eg er i gang med eit ganske bra prosjekt på Bryggen i Bergen, nemlig "Annlaugs Kulturfabrikk". Her skal det foregå litt av kvart: kontor/gallerbutikk/litteraturformidling for barn. Les gjerne meir om prosjektet her: http://annlaugauestad.no/kunstbutikken/ . Butikken er åpen man - fre mellom kl 11 - 17 og lør 11 - 16. Velkommen innom!



onsdag 8. april 2015

Kunstbutikk på Bryggen i Bergen

Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)

Instagram: @auest_gallery





onsdag 18. februar 2015

Radio-innslag

Det blir mykje ku-snakk nå om dagen, men så er det viktig å snakke om kyr. Vil eg sei. Her er ei lenkje til NRK-Rogaland. Eg var der i går. Sjølvsagt for å snakke om Kuvenninnene.
Og hugs å stem: helerogalandleser.no

I studio - NRK ettermiddagsnytt (lokalen)

torsdag 12. februar 2015

Litt meir Kuvenninne-stoff!

Boka Kuvenninnene er også laga som ein billedbok-animasjon - den er å finne på Youtube.
Illustrasjon/billedredigering: Annlaug Auestad
Musikk: Trym Bjønnes
Produsent: Ine Marit Bertelsen/Dks Rogaland

mandag 2. februar 2015

Kuvenninnene nominert til "Hele Rogaland leser"

Noko til stas! Boka "Kuvenninnene" er ei av fem nominerte til "Hele Rogaland leser". Det er eg skikkeleg glad og stolt over, ja for det er ikkje feil å spre det glade ku-budskapet, eller buskapen* (for den saks skyld) ut over land og folk! Dersom du er einig - då er det berre ein ting å gjere - nemleg stem i med eit skikkeleg raut HER! :-) Avstemminga varer frå 2. februar og fem veker framover.

* Buskap, en gårds besetning av husdyr; brukes oftest om storfe og småfe, men kan også benyttes om andre husdyr (Store Norske leksikon).


mandag 13. januar 2014

Annlaugs samleside

Ja! Då har eg fått på plass ei samleside: annlaugauestad.no.


Illustrasjon frå "Neppe - Då Nisse blei borte", barnebok utgitt på Samlaget

søndag 23. desember 2012

Bokmelding!

Åhh - så kjekt med slike omtalar!! Bokmeldinga er av Marianne Lystrup og stod på trykk 22. desember i avisa Vårt Land.


tirsdag 20. november 2012

Åpen dag!

Her er eit turtips for deg som bur i Stavanger-området: 
Den 1. desember blir det åpen dag/mini jule-marknad kl 11 - 16 i atelieret mitt i Bjørheimsbygd skule. Det er ganske enkelt å ta seg fram til "bygdå". Frå Stavanger går Tau-ferja kvar heile og halve time. Ferja tek 40 minutter. Dersom noko uforutsett ikkje skulle hende undervegs, vel og merke. Ja, for det er betimeleg å komme med ein liten advarsel nå. Det er ein viss risiko å ta denne ferja. Mykje kan hende undervegs: motorstopp, ferjelem som ikkje vil opp/ned osv, osv. Prøv feks. eit enkelt google-søk "problem tausambandet" - der er over 5000 treff ... Men, om du er villig å ta denne risken, så er likevel sjangsane relativt store for at ferja legg til land på Tau og du kan puste ut og køyre trygt av. DÅ er det berre å følgje ryfylkevegen i ganske nøyaktig 6 minutter og vips - skulen er på di høgre side. Og når du først har reist den lange vegen frå Stavanger så kan du få kaffi. Det fine atelieret er i det eine klasserommet (det til høgre). I atelieret heng for anledningen eit utvalg bilder. Det blir også mulig å kjøpe silketrykte puter, grafikk, giclee-trykk og dei splitter nye bøkene L. Ands Dagbok og Prins Storm av Ingunn Røyset. Boka Kuvenninnene har eg og. Velkommen innom!





onsdag 10. november 2010

Fettsuging

Denne teikninga høyrer og heime i Are Osen´s bok, eg fant den ikkje som lydfil - så då får det bli berre bildet. Då temaet fettsuging skulle illustrerast, prøvde eg å finne info og bakgrunnsstoff på nettet. Men det var lite og ingenting å finne av billedmateriell - så då måtte fri fantasi anvendast ... slik blei det då ;-)