Gode lesar! Nå er det dags for å poste eit innlegg på teiknebloggen, det er lenge sidan sist! Eg har på trappene eit nytt - og vil eg sei - spennande prosjekt nå. Nemlig eit online-teiknekurs. Dette er noko eg har tenkt på lenge. Eg har også fått spørsmål om eg held kurs, og nå er altså dette i ferd med å bli ein realitet. Så følg med - eg kjem til å legge ut meir info om dette prosjektet her etter kvart. Tegnekurset får også ein instagramkonto: @tegnekurs
Viser innlegg med etiketten KUNSTBUTIKK. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten KUNSTBUTIKK. Vis alle innlegg
torsdag 9. mai 2019
tirsdag 8. august 2017
Nettbutikk
Nettbutikken er redesigna og ny på alle måtar. Nå er det lysbrytar-design som gjeld. Eg har pønska på dette bryter-konseptet ei stund. Bakgrunnen for produkta - som strengt tatt ikkje er ting ein absolutt må ha for å leve eit fullverdig liv - er at eg dreiv butikk på Bryggen i Bergen ein periode ... som den observante lesaren har fått med seg. I butikken solgte eg alle mulige eigenproduserte saker. Noko som blei veldig populært var altså desse bryter-designa. Eg har nå tatt opp igjen produksjonen av desse, og i tillegg lagt dei ut på nettet. Butikken finn du her: https://www.epla.no/shops/annlaugauestad/
For ordens skyld - butikken er på bokmål. Litt kommers må ein tillate seg å vere av og til. :)
onsdag 19. juli 2017
Godtfolk!
Nå er det skikkeleg lenge sidan det siste innlegget her på teiknebloggen. Mykje vatn er rent i havet - som dei seier - sidan torsdag 7. januar 2016. Eg bur ikkje lengre i Bergen, butikken er nedlagt og den sivile statusen min er også endra. Ikkje for å bli altfor privat, men denne bloggen skal tross alt handle om "teikning og sånt".
Så. Eg blei altså - som halvparten av nasjonen - skilt. Det er ikkje særleg originalt å skille seg i våre dagar. Til og med dei kongelege driv med den slags. Det er ikkje uvanleg, trur eg, at om ein går gjennom dramatiske endringar i livet så pregar det tilværet på alle frontar. Både som menneske men også kan det påvirke det ein driv med her i livet. Ei skilsmisse kan vere rystande i all si gru. Det veit alle som har prøvd. For min del førte den smertefulle prosessen til at eg slutta med alt som heitte teikning for lang tid. Men ei skilsmisse kan også føre til noko nytt. Når ein berre får gitt det tid. Når ein kjem seg gjennom sorga, smerten og saknet - då kan ein oppleve vekst og utvikling. Og gå vidare. For meg har dette vore ein fase som også har gitt nye perspektiver og nye horisontar. Og som eg nå ikkje ville vore foruten.
Om eg skal driste meg til ein oppmuntrande appell til alle de som opplever liknande ting: stå på - det er ikkje dødeleg - det kan vere tvert imot: livgivande og blomstrande!
Så ja, eg krysse fingrane for livet vidare. Og - sjølvsagt - eg har starta opp igjen med teikninga. :)
Teiknebloggen har forresten fått nytt navn - prestahuset.blogspot.no er bytta ut med annlaug.blogspot.no. Hurra!
Eg legg ved ei lita øving til innlegget - inspirert av diktet "Jeg spurte engang en sebra" som Shel Silverstein har skrive. Svaret til sebraen er ganske godt.

Jeg spurte engang en sebra:
Er du svart med hvite striper
eller hvit med svarte striper?
eller hvit med svarte striper?
Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
eller svak med sterke sider?
eller svak med sterke sider?
Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?
eller ond med gode påfunn?
Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?
eller trist med glade dager?
Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?
eller dum med flinke innfall?
Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den,
og fortsatte den,
og aldri, aldri, aldri,
spør jeg en sebra om striper igjen.
spør jeg en sebra om striper igjen.
torsdag 7. januar 2016
Nettbutikk
onsdag 29. april 2015
onsdag 8. april 2015
Kunstbutikk på Bryggen i Bergen
Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)
Instagram: @auest_gallery
Instagram: @auest_gallery
Abonner på:
Innlegg (Atom)