Viser innlegg med etiketten GOD FREDAG!. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten GOD FREDAG!. Vis alle innlegg

fredag 7. februar 2014

Fredag igjen!

Jepp - fredag igjen - og i dag, 7. februar er det ein illustrasjon eg laga til BT og spalta "Oss i mellom" som visast.
Saka var om kor lett det er å dele ting på nett.

God fredag!



fredag 31. januar 2014

God fredag!



På januars aller siste dag er det eit stykke papirklipp, eit 3-dimensjonalt arbeid med ekte skygge som gjeld: "Men, en dag skjedde det noe skikkelig dumt"
Bildet har eit snev av mystikk og mysterium - og truleg veit karane på busstoppet eit og anna ..

God fredag!

Sjølvsagt er bildet er å finne i kunstbutikken!

lørdag 25. januar 2014

Elvis

Dette er nok ei stripe som vart laga til musikknettstaden hissig.no.Tema for stripa var Elvis og dei ulike teoriane som herska rundt hans (angivelege) død.




fredag 17. januar 2014

God fredag!

Tenk - fredag igjen!
Og i dag, 17. januar er det ei litt retroaktig sak som gjeld. Denne stripa laga eg i 2005 - til musikknettstaden hissig.no.
Tema for stripa var rettsaken som kom opp etter at U2 sin tidlegare stylist Lola Cashman vart ferska i å prøve å selge diverse tjuvegods på nettet.





fredag 6. desember 2013

God fredag!

Dagens fredagshelsing er om familie-juleselskap og kva ein kan gjere for å sleppe unna nok eit juleselskap. Per Sundnes vart intervjua i høve saka og hadde nokre lure triks i ermet. Illustrasjonen var til spalta "Oss i mellom", Bergens Tidende.

















Teikningen er også med på ein utstilling som opnar i morgon 7. desember:
Avistegnernes Årskavalkade 2013
i AvisTegnernes Hus 7.–30. desember 2013
 Norske avistegnere har med sitt skråblikk og sine streker kommentert hendelser gjennom året 2013. Hva ble tegnet?
De nye politiske partnerne, Siv, Olav Thon, romfolks situasjon, Fjordmanns uttalelser, global oppvarming, USAs avlytting av «venner», sykkelutfordringer, velferdsproblemer, fattigdom, krig og konflikter i Syria, Israels murer...
 Omlag 20 av landets avistegnere har selv valgt sine tegninger. I tillegg får Drøbaks to «Fribytegnere», Arifur Rahmann og Fadi Abou Hassan, plass i utstillingen.
 Velkommen til åpning lørdag 7. desember kl 14.00 

fredag 22. november 2013

God fredag!

Tenk, fredag igjen! I dag, den 22. november er det eit glimt frå "Skogsnytt", eit lite nyhende-magasin om- og av dyr som visast i fredagshelsinga.
Foreløpig er det laga to saker, den eine teikninga blei laga då det raste ein pelsdyr-bur-debatt i landet. Tema er kort og godt: Dyr i bur gjer sur! Den andre tek føre seg sangen "Rudolf er rød på nesen" - sett frå Rudolf sitt perspektiv.




fredag 1. november 2013

Fredag igjen!

Dette er dagens fredagshelsing - ku og bamse-teikning. Og tema er snart julebordsesong :-)

God fredag!

fredag 25. oktober 2013

Fredag!

Her er dagens fredags-helsing! Dette er ei teikning som eg har laga til Fjell og Vidde. Tema var om å komme i form. Her er det Lars - som har gjort alt feil, og Egil som har gjort alt rett - som er ute på tur

God fredag!
- Og snart er det skisesong!

Ut på tur!

fredag 18. oktober 2013

God fredag!

Her kjem fredagshelsinga - denne gong i form av ein rydde-teikning. Kan passe godt på ein fredag kanskje? Teikninga er laga til Bt og Magasinet + at den også er å finne som ein veggteikning på "LA STÅ!"
Ja - god fredag!

RYDD!

fredag 11. oktober 2013

Helsing på ein fredag

Eg har starta opp eit nytt fredags-helsing-prosjekt. Dette er ei helsing som sendast til utvalgte på epost. Fredags-helsings-eposten kom i stand av to gode grunnar:
  1. Sjølvsagt for å vere vennleg og ynskje god fredag.
  2. Og for å komme med gjevne drypp - slik at dei heldige der ute skal tenkje at "ja! - ho vil me gjerne skal lage ein illustrasjon for oss!" Eg er usikker på kva punkt som eigentleg skal stå først, men for at det heile skal framstå som mest mogleg usjølvisk og heiderleg så har eg rangert det slik. ;-)

Her er dei tre første fredags-helsingane som er sent så langt.

Og - ha ein fin fredag!
Illustrasjon laga til Landsbyrennet, Randaberg
Eige arbeid: "Ballongdans"

Illustrasjon til BT, Magasinet