Instagram: @auest_gallery
Viser innlegg med etiketten L.ANDS DAGBOK. Vis alle innlegg

onsdag 8. april 2015
Kunstbutikk på Bryggen i Bergen
Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)
Instagram: @auest_gallery
Instagram: @auest_gallery
tirsdag 28. januar 2014
Ommøblering!

Alle som har hatt sitt eige rom veit kor fint det er å ommøblere. Gjerne ganske enkelt. Kanskje ein snur på senga, set den under vindauget - eller skrivepulten inn til veggen - borte der ved døra - eller ...
Nå har også La Stå! kost seg med ommøbleringens herlege avkobling! Ta ein titt - det er blitt ganske fint, ikkje sant?
mandag 13. januar 2014
Annlaugs samleside
Ja! Då har eg fått på plass ei samleside: annlaugauestad.no.
![]() |
| Illustrasjon frå "Neppe - Då Nisse blei borte", barnebok utgitt på Samlaget |
mandag 23. september 2013
søndag 23. desember 2012
Bokmelding!
tirsdag 20. november 2012
Åpen dag!
Her er eit turtips for deg som bur i Stavanger-området:
Den 1. desember blir det åpen dag/mini jule-marknad kl 11 - 16 i atelieret mitt i Bjørheimsbygd skule. Det er ganske enkelt å ta seg fram til "bygdå". Frå Stavanger går Tau-ferja kvar heile og halve time. Ferja tek 40 minutter. Dersom noko uforutsett ikkje skulle hende undervegs, vel og merke. Ja, for det er betimeleg å komme med ein liten advarsel nå. Det er ein viss risiko å ta denne ferja. Mykje kan hende undervegs: motorstopp, ferjelem som ikkje vil opp/ned osv, osv. Prøv feks. eit enkelt google-søk "problem tausambandet" - der er over 5000 treff ... Men, om du er villig å ta denne risken, så er likevel sjangsane relativt store for at ferja legg til land på Tau og du kan puste ut og køyre trygt av. DÅ er det berre å følgje ryfylkevegen i ganske nøyaktig 6 minutter og vips - skulen er på di høgre side. Og når du først har reist den lange vegen frå Stavanger så kan du få kaffi. Det fine atelieret er i det eine klasserommet (det til høgre). I atelieret heng for anledningen eit utvalg bilder. Det blir også mulig å kjøpe silketrykte puter, grafikk, giclee-trykk og dei splitter nye bøkene L. Ands Dagbok og Prins Storm av Ingunn Røyset. Boka Kuvenninnene har eg og. Velkommen innom!

fredag 17. august 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)