Så om du tenkjer at du vil prøve dette - sjå filmen og registrer deg på DENNE LINKEN
onsdag 5. februar 2020
torsdag 13. juni 2019
onsdag 12. juni 2019
mandag 10. juni 2019
Tegnekurs!
Tegnekurset er i støypeskeia.
Eg trur dette blir bra og at det er eit viktig prosjekt.
Kurset har ei eiga side på facebook: https://m.facebook.com/blimedogtegne/
Og ei side på Instagram: https://www.instagram.com/tegnekurs/
Det er kjekt å lage kurs. Eg har bestemt meg for nokre få ting:
1. Kurset skal vere kjekt å jobbe med. Det skal ikkje innehalde stress & redsler. Verken for meg under produksjonen av kurset, eller for deltakarane. Dette er særdeles viktig! Og noko eg har lært gjennom livet. Livet er for kort til å fylle med angst og frykt for alle mulige ting som kan hende.
2. Kurset skal innehalde mine eigne leksjonar. Desse er tufta på lang fartstid innan illustrasjon og teikning. Og leksjonane skal vere lystbetonte. Eg veit at når ein følger instruksene så vil ein lykkast! Det er bra å vite.
3. Nynorsk eller bokmål? Etter å ha gått litt at og fram på dette så har eg kome til at det skal vere på bokmål. Dette for at språket ikkje skal bli ei eiga greie. Eg er nynorskbruker og vil alltid bli det. Men bokmål er like lett - og fleire brukar det - så derfor blei det slik. Det er mest praktisk, rett og slett.
Så, følg med vidare :)

torsdag 9. mai 2019
Gode lesar! Nå er det dags for å poste eit innlegg på teiknebloggen, det er lenge sidan sist! Eg har på trappene eit nytt - og vil eg sei - spennande prosjekt nå. Nemlig eit online-teiknekurs. Dette er noko eg har tenkt på lenge. Eg har også fått spørsmål om eg held kurs, og nå er altså dette i ferd med å bli ein realitet. Så følg med - eg kjem til å legge ut meir info om dette prosjektet her etter kvart. Tegnekurset får også ein instagramkonto: @tegnekurs
fredag 18. august 2017
Lysbrytardesign-utdelinga er i boks
Lysbryterdesign er eit artig prosjekt. Nå er dei tre designa som eg i forrige innlegg lovte å dele ut på veg i posten til tre - vil eg sei - heldige damer! Gratulere! :)
tirsdag 8. august 2017
Nettbutikk
Nettbutikken er redesigna og ny på alle måtar. Nå er det lysbrytar-design som gjeld. Eg har pønska på dette bryter-konseptet ei stund. Bakgrunnen for produkta - som strengt tatt ikkje er ting ein absolutt må ha for å leve eit fullverdig liv - er at eg dreiv butikk på Bryggen i Bergen ein periode ... som den observante lesaren har fått med seg. I butikken solgte eg alle mulige eigenproduserte saker. Noko som blei veldig populært var altså desse bryter-designa. Eg har nå tatt opp igjen produksjonen av desse, og i tillegg lagt dei ut på nettet. Butikken finn du her: https://www.epla.no/shops/annlaugauestad/
For ordens skyld - butikken er på bokmål. Litt kommers må ein tillate seg å vere av og til. :)
fredag 21. juli 2017
Veggteikningar på salg!
Om du har lyst å gjere eit kupp på veggteikningar så er det mulig nå!
Eg tenkjer å legge ut diverse teikningar litt etter kvart. Dette er altså restopplaget etter kunstbutikken som eg hadde på Bryggen i Bergen. Prisen er ca 50%. Send meg ein melding enten her, eller på Instagram om du vil sikre deg ein mann i enten gull eller i svart folie :)

onsdag 19. juli 2017
Godtfolk!
Nå er det skikkeleg lenge sidan det siste innlegget her på teiknebloggen. Mykje vatn er rent i havet - som dei seier - sidan torsdag 7. januar 2016. Eg bur ikkje lengre i Bergen, butikken er nedlagt og den sivile statusen min er også endra. Ikkje for å bli altfor privat, men denne bloggen skal tross alt handle om "teikning og sånt".
Så. Eg blei altså - som halvparten av nasjonen - skilt. Det er ikkje særleg originalt å skille seg i våre dagar. Til og med dei kongelege driv med den slags. Det er ikkje uvanleg, trur eg, at om ein går gjennom dramatiske endringar i livet så pregar det tilværet på alle frontar. Både som menneske men også kan det påvirke det ein driv med her i livet. Ei skilsmisse kan vere rystande i all si gru. Det veit alle som har prøvd. For min del førte den smertefulle prosessen til at eg slutta med alt som heitte teikning for lang tid. Men ei skilsmisse kan også føre til noko nytt. Når ein berre får gitt det tid. Når ein kjem seg gjennom sorga, smerten og saknet - då kan ein oppleve vekst og utvikling. Og gå vidare. For meg har dette vore ein fase som også har gitt nye perspektiver og nye horisontar. Og som eg nå ikkje ville vore foruten.
Om eg skal driste meg til ein oppmuntrande appell til alle de som opplever liknande ting: stå på - det er ikkje dødeleg - det kan vere tvert imot: livgivande og blomstrande!
Så ja, eg krysse fingrane for livet vidare. Og - sjølvsagt - eg har starta opp igjen med teikninga. :)
Teiknebloggen har forresten fått nytt navn - prestahuset.blogspot.no er bytta ut med annlaug.blogspot.no. Hurra!
Eg legg ved ei lita øving til innlegget - inspirert av diktet "Jeg spurte engang en sebra" som Shel Silverstein har skrive. Svaret til sebraen er ganske godt.

Jeg spurte engang en sebra:
Er du svart med hvite striper
eller hvit med svarte striper?
eller hvit med svarte striper?
Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
eller svak med sterke sider?
eller svak med sterke sider?
Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?
eller ond med gode påfunn?
Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?
eller trist med glade dager?
Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?
eller dum med flinke innfall?
Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den,
og fortsatte den,
og aldri, aldri, aldri,
spør jeg en sebra om striper igjen.
spør jeg en sebra om striper igjen.
torsdag 7. januar 2016
Nettbutikk
torsdag 2. juli 2015
Annlaugs Kulturfabrikk på bryggen i Bergen
Me skriv 2. juli og eg er i gang med eit ganske bra prosjekt på Bryggen i Bergen, nemlig "Annlaugs Kulturfabrikk". Her skal det foregå litt av kvart: kontor/gallerbutikk/litteraturformidling for barn. Les gjerne meir om prosjektet her: http://annlaugauestad.no/kunstbutikken/ . Butikken er åpen man - fre mellom kl 11 - 17 og lør 11 - 16. Velkommen innom!
onsdag 29. april 2015
onsdag 8. april 2015
Kunstbutikk på Bryggen i Bergen
Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)
Instagram: @auest_gallery
Instagram: @auest_gallery
torsdag 26. februar 2015
Voff! - Absolutt heile Rogaland les!
Siste frist til å avgi si stemme er på mandag! helerogalandleser.no
Et bilde publisert av Annlaug Auestad (@auest)
onsdag 18. februar 2015
Radio-innslag
Det blir mykje ku-snakk nå om dagen, men så er det viktig å snakke om kyr. Vil eg sei. Her er ei lenkje til NRK-Rogaland. Eg var der i går. Sjølvsagt for å snakke om Kuvenninnene.
Og hugs å stem: helerogalandleser.no
Og hugs å stem: helerogalandleser.no
I studio - NRK ettermiddagsnytt (lokalen) |
torsdag 12. februar 2015
Litt meir Kuvenninne-stoff!
Boka Kuvenninnene er også laga som ein billedbok-animasjon - den er å finne på Youtube.
Illustrasjon/billedredigering: Annlaug Auestad
Musikk: Trym Bjønnes
Produsent: Ine Marit Bertelsen/Dks Rogaland
Illustrasjon/billedredigering: Annlaug Auestad
Musikk: Trym Bjønnes
Produsent: Ine Marit Bertelsen/Dks Rogaland
mandag 2. februar 2015
Kuvenninnene nominert til "Hele Rogaland leser"
Noko til stas! Boka "Kuvenninnene" er ei av fem nominerte til "Hele Rogaland leser". Det er eg skikkeleg glad og stolt over, ja for det er ikkje feil å spre det glade ku-budskapet, eller buskapen* (for den saks skyld) ut over land og folk! Dersom du er einig - då er det berre ein ting å gjere - nemleg stem i med eit skikkeleg raut HER! :-) Avstemminga varer frå 2. februar og fem veker framover.
* Buskap, en gårds besetning av husdyr; brukes oftest om storfe og småfe, men kan også benyttes om andre husdyr (Store Norske leksikon).
* Buskap, en gårds besetning av husdyr; brukes oftest om storfe og småfe, men kan også benyttes om andre husdyr (Store Norske leksikon).
onsdag 6. august 2014
Teikning i kulturskulen
Skuleåret 2013/14 hadde eg gleden av å vere lærar i Kulturskulen i Strand i Rogaland. Kulturløftet ordna det slik at Kulturskulen kunne puttast inn i sfo som eit gratis tilbud til borna på småskuletrinnet. Rektignok varte dette kun eit år før ny-regjeringa fann ut at dette var eit dårleg prosjekt og fjerna heile ordninga. Uansett så fekk eg vere med desse fine ungane gjennom året. Her er eit lite knippe av arbeidene. Du kan sjå meir på Instagramkontoen @tegnekurs.
Me teikna eiga heimbygd |
Vakker Mona Lisa - teikning |
Me teikna også på nettbrett |
Kjempefin opp-ned-teikning av Donald Duck |
torsdag 20. mars 2014
Fyrfargar i februar
Fyrfarge-prosjektet som eg jobba med for ganske nøyaktig eit år sidan er nå å finne i nettbutikk på Norsk sans. Seks bilder er på plass. Her er den fine butikken → norsksans.no/annlaugauestad.
Har du spørsmål om bilda - send meg gjerne ein epost: auestad(krøllalfa)annlaug.no. Ein kan også sjå fleire av bilda "live" på Black & White i Stavanger.
Har du spørsmål om bilda - send meg gjerne ein epost: auestad(krøllalfa)annlaug.no. Ein kan også sjå fleire av bilda "live" på Black & White i Stavanger.
Sjå dei vakre skyene og fargane! |
fredag 14. mars 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)