Viser innlegg med etiketten BARNETEIKNINGAR. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten BARNETEIKNINGAR. Vis alle innlegg

onsdag 6. august 2014

Teikning i kulturskulen

Skuleåret 2013/14 hadde eg gleden av å vere lærar i Kulturskulen i Strand i Rogaland. Kulturløftet ordna det slik at Kulturskulen kunne puttast inn i sfo som eit gratis tilbud til borna på småskuletrinnet. Rektignok varte dette kun eit år før ny-regjeringa fann ut at dette var eit dårleg prosjekt og fjerna heile ordninga. Uansett så fekk eg vere med desse fine ungane gjennom året. Her er eit lite knippe av arbeidene. Du kan sjå meir på Instagramkontoen @tegnekurs.

Me teikna eiga heimbygd


Vakker Mona Lisa - teikning

Me teikna også på nettbrett

Kjempefin opp-ned-teikning av Donald Duck
 

fredag 10. januar 2014

Nytt bibliotek i Stavanger!

Dette er eit aldri så lite tips til deg som bur rundt omkring Stavanger: I morgon, laurdag 11. januar opnar det nye biblioteket på Sølvberget. Åpningsfesten har eit omfattande program.

Eg skal delta med eit teikneprosjekt - dvs. eg skal ikkje teikne, men vise korleis ein kan teikne på datamaskin og med teiknebrett. Dette er for alle born frå ca 3. klasse og oppover. Trur det kan bli mange fine teikningar!

Og imens me ventar på ein spennande dag på Sølvberget, kan me lade opp med å sjå på desse flotte barneteikningane - laga av ungar på henholdsvis Nordre Strand skule og Tau skule i Strand kommune. Instagram: @tegnekurs
Teiknekurset er i regi av Kulturskolen i Strand.
Du må gjerne følge teikningen på instagram! :)

Kjempefin borg - laga av Ole Jørgen A. Moen ein gong på 90-talet

søndag 13. juni 2010

Barneteikningar II


Her er to genistreker til, desse er laga av min nevø Torbjørn då han var rundt 8 år.

lørdag 12. juni 2010

Barneteikningar I

Barneteikningar er skikkeleg fascinerande! Denne teikninga laga Karen av meg då ho var ca 7 år. Eg huske godt at eg sat modell for teikninga, Karen jobba grundig og konsentrert - og resultatet blei kjempefint!

Dei fine brillene som eg hadde på teikninga åt hunden opp nokre år seinare, men det er ei anna historie.