Viser innlegg med etiketten PRESTAHUSET. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten PRESTAHUSET. Vis alle innlegg

tirsdag 20. november 2012

Åpen dag!

Her er eit turtips for deg som bur i Stavanger-området: 
Den 1. desember blir det åpen dag/mini jule-marknad kl 11 - 16 i atelieret mitt i Bjørheimsbygd skule. Det er ganske enkelt å ta seg fram til "bygdå". Frå Stavanger går Tau-ferja kvar heile og halve time. Ferja tek 40 minutter. Dersom noko uforutsett ikkje skulle hende undervegs, vel og merke. Ja, for det er betimeleg å komme med ein liten advarsel nå. Det er ein viss risiko å ta denne ferja. Mykje kan hende undervegs: motorstopp, ferjelem som ikkje vil opp/ned osv, osv. Prøv feks. eit enkelt google-søk "problem tausambandet" - der er over 5000 treff ... Men, om du er villig å ta denne risken, så er likevel sjangsane relativt store for at ferja legg til land på Tau og du kan puste ut og køyre trygt av. DÅ er det berre å følgje ryfylkevegen i ganske nøyaktig 6 minutter og vips - skulen er på di høgre side. Og når du først har reist den lange vegen frå Stavanger så kan du få kaffi. Det fine atelieret er i det eine klasserommet (det til høgre). I atelieret heng for anledningen eit utvalg bilder. Det blir også mulig å kjøpe silketrykte puter, grafikk, giclee-trykk og dei splitter nye bøkene L. Ands Dagbok og Prins Storm av Ingunn Røyset. Boka Kuvenninnene har eg og. Velkommen innom!





lørdag 28. juli 2012

Prestahuset

Tida er inne for eit faktabasert og utdjupande innlegg om navnet "Prestahuset". 
Det har seg slik at eg - Annlaug - har ein hang til den landlege idyll. Navnet http://prestahuset.blogspot.no/ er difor ikkje tilfeldig valgt. Prestahuset finns heilt på ekte. Det er eit svært koseleg, lite hus. Ein gong budde der ein prest i huset. Sjølve hustypen er ein såkalla sandneskasse, ferdighus anno 1900. Sandneskassen liknar litt på jærhuset. 
Prestahuset er altså inspirasjons-kjelda til navnet på denne bloggen. Her fylgjer eit knippe foto frå restaureringa av Prestahuset.

Prestahuset klar for eit tak-skift!
 Koss skal dette gå?!




Restauratøren og Belli


Den fine tømmerveggen er graven fram

Tusen millioner stifter er dratt ut

Halm i veggen!
Kjøkkenet er på plass
Kviling - for nokre