tirsdag 20. november 2012

Åpen dag!

Her er eit turtips for deg som bur i Stavanger-området: 
Den 1. desember blir det åpen dag/mini jule-marknad kl 11 - 16 i atelieret mitt i Bjørheimsbygd skule. Det er ganske enkelt å ta seg fram til "bygdå". Frå Stavanger går Tau-ferja kvar heile og halve time. Ferja tek 40 minutter. Dersom noko uforutsett ikkje skulle hende undervegs, vel og merke. Ja, for det er betimeleg å komme med ein liten advarsel nå. Det er ein viss risiko å ta denne ferja. Mykje kan hende undervegs: motorstopp, ferjelem som ikkje vil opp/ned osv, osv. Prøv feks. eit enkelt google-søk "problem tausambandet" - der er over 5000 treff ... Men, om du er villig å ta denne risken, så er likevel sjangsane relativt store for at ferja legg til land på Tau og du kan puste ut og køyre trygt av. DÅ er det berre å følgje ryfylkevegen i ganske nøyaktig 6 minutter og vips - skulen er på di høgre side. Og når du først har reist den lange vegen frå Stavanger så kan du få kaffi. Det fine atelieret er i det eine klasserommet (det til høgre). I atelieret heng for anledningen eit utvalg bilder. Det blir også mulig å kjøpe silketrykte puter, grafikk, giclee-trykk og dei splitter nye bøkene L. Ands Dagbok og Prins Storm av Ingunn Røyset. Boka Kuvenninnene har eg og. Velkommen innom!