Så om du tenkjer at du vil prøve dette - sjå filmen og registrer deg på DENNE LINKEN
Viser innlegg med etiketten BLYANT PÅ PAPIR. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten BLYANT PÅ PAPIR. Vis alle innlegg
onsdag 5. februar 2020
mandag 10. juni 2019
Tegnekurs!
Tegnekurset er i støypeskeia.
Eg trur dette blir bra og at det er eit viktig prosjekt.
Kurset har ei eiga side på facebook: https://m.facebook.com/blimedogtegne/
Og ei side på Instagram: https://www.instagram.com/tegnekurs/
Det er kjekt å lage kurs. Eg har bestemt meg for nokre få ting:
1. Kurset skal vere kjekt å jobbe med. Det skal ikkje innehalde stress & redsler. Verken for meg under produksjonen av kurset, eller for deltakarane. Dette er særdeles viktig! Og noko eg har lært gjennom livet. Livet er for kort til å fylle med angst og frykt for alle mulige ting som kan hende.
2. Kurset skal innehalde mine eigne leksjonar. Desse er tufta på lang fartstid innan illustrasjon og teikning. Og leksjonane skal vere lystbetonte. Eg veit at når ein følger instruksene så vil ein lykkast! Det er bra å vite.
3. Nynorsk eller bokmål? Etter å ha gått litt at og fram på dette så har eg kome til at det skal vere på bokmål. Dette for at språket ikkje skal bli ei eiga greie. Eg er nynorskbruker og vil alltid bli det. Men bokmål er like lett - og fleire brukar det - så derfor blei det slik. Det er mest praktisk, rett og slett.
Så, følg med vidare :)

torsdag 9. mai 2019
Gode lesar! Nå er det dags for å poste eit innlegg på teiknebloggen, det er lenge sidan sist! Eg har på trappene eit nytt - og vil eg sei - spennande prosjekt nå. Nemlig eit online-teiknekurs. Dette er noko eg har tenkt på lenge. Eg har også fått spørsmål om eg held kurs, og nå er altså dette i ferd med å bli ein realitet. Så følg med - eg kjem til å legge ut meir info om dette prosjektet her etter kvart. Tegnekurset får også ein instagramkonto: @tegnekurs
onsdag 19. juli 2017
Godtfolk!
Nå er det skikkeleg lenge sidan det siste innlegget her på teiknebloggen. Mykje vatn er rent i havet - som dei seier - sidan torsdag 7. januar 2016. Eg bur ikkje lengre i Bergen, butikken er nedlagt og den sivile statusen min er også endra. Ikkje for å bli altfor privat, men denne bloggen skal tross alt handle om "teikning og sånt".
Så. Eg blei altså - som halvparten av nasjonen - skilt. Det er ikkje særleg originalt å skille seg i våre dagar. Til og med dei kongelege driv med den slags. Det er ikkje uvanleg, trur eg, at om ein går gjennom dramatiske endringar i livet så pregar det tilværet på alle frontar. Både som menneske men også kan det påvirke det ein driv med her i livet. Ei skilsmisse kan vere rystande i all si gru. Det veit alle som har prøvd. For min del førte den smertefulle prosessen til at eg slutta med alt som heitte teikning for lang tid. Men ei skilsmisse kan også føre til noko nytt. Når ein berre får gitt det tid. Når ein kjem seg gjennom sorga, smerten og saknet - då kan ein oppleve vekst og utvikling. Og gå vidare. For meg har dette vore ein fase som også har gitt nye perspektiver og nye horisontar. Og som eg nå ikkje ville vore foruten.
Om eg skal driste meg til ein oppmuntrande appell til alle de som opplever liknande ting: stå på - det er ikkje dødeleg - det kan vere tvert imot: livgivande og blomstrande!
Så ja, eg krysse fingrane for livet vidare. Og - sjølvsagt - eg har starta opp igjen med teikninga. :)
Teiknebloggen har forresten fått nytt navn - prestahuset.blogspot.no er bytta ut med annlaug.blogspot.no. Hurra!
Eg legg ved ei lita øving til innlegget - inspirert av diktet "Jeg spurte engang en sebra" som Shel Silverstein har skrive. Svaret til sebraen er ganske godt.

Jeg spurte engang en sebra:
Er du svart med hvite striper
eller hvit med svarte striper?
eller hvit med svarte striper?
Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
eller svak med sterke sider?
eller svak med sterke sider?
Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?
eller ond med gode påfunn?
Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?
eller trist med glade dager?
Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?
eller dum med flinke innfall?
Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den,
og fortsatte den,
og aldri, aldri, aldri,
spør jeg en sebra om striper igjen.
spør jeg en sebra om striper igjen.
torsdag 2. juli 2015
Annlaugs Kulturfabrikk på bryggen i Bergen
Me skriv 2. juli og eg er i gang med eit ganske bra prosjekt på Bryggen i Bergen, nemlig "Annlaugs Kulturfabrikk". Her skal det foregå litt av kvart: kontor/gallerbutikk/litteraturformidling for barn. Les gjerne meir om prosjektet her: http://annlaugauestad.no/kunstbutikken/ . Butikken er åpen man - fre mellom kl 11 - 17 og lør 11 - 16. Velkommen innom!
onsdag 29. april 2015
onsdag 8. april 2015
Kunstbutikk på Bryggen i Bergen
Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)
Instagram: @auest_gallery
Instagram: @auest_gallery
onsdag 6. august 2014
Teikning i kulturskulen
Skuleåret 2013/14 hadde eg gleden av å vere lærar i Kulturskulen i Strand i Rogaland. Kulturløftet ordna det slik at Kulturskulen kunne puttast inn i sfo som eit gratis tilbud til borna på småskuletrinnet. Rektignok varte dette kun eit år før ny-regjeringa fann ut at dette var eit dårleg prosjekt og fjerna heile ordninga. Uansett så fekk eg vere med desse fine ungane gjennom året. Her er eit lite knippe av arbeidene. Du kan sjå meir på Instagramkontoen @tegnekurs.
![]() |
| Me teikna eiga heimbygd |
![]() |
| Vakker Mona Lisa - teikning |
![]() |
| Me teikna også på nettbrett |
![]() |
| Kjempefin opp-ned-teikning av Donald Duck |
fredag 31. januar 2014
God fredag!

På januars aller siste dag er det eit stykke papirklipp, eit 3-dimensjonalt arbeid med ekte skygge som gjeld: "Men, en dag skjedde det noe skikkelig dumt"
Bildet har eit snev av mystikk og mysterium - og truleg veit karane på busstoppet eit og anna ..
God fredag!
Sjølvsagt er bildet er å finne i kunstbutikken!
lørdag 25. januar 2014
Snurr film!
BarneTv: Putte i blåbærskogen from Annlaug Auestad on Vimeo.
Animasjonen er eit lite eksperiment; ca 17 scanna teikningar som eg har gjort små variasjonar av i Photoshop. Tv´en er frå 50-talet. Bilde og lyd er sett saman i IMovie. Ole Jørgen Auestad Moen var ca to år då Bestemor, Torhild Moen trykte på "rec" + "play" på kassettspelaren. Han greide å gjengi nesten heile "Putte i båbærskogen". Små strofer frå "Fola blakken" - også av Ole Jørgen - er med som eit bakgrunnsteppe.
Tegnerforbundet galleri
Desse to teikningane - "Maskerade" og eit illustrert sitat av Henrik Ibsen: "Kjære, la oss ikke komme inn på følelser og slikt noe" - er å finne i Tegnerforbundets galleributikk.
lørdag 26. juni 2010
"Margit"
Denne teikninga er basert på eit foto av meg sjølv frå 1972. Altså et slags sjølvportrett. Frisyren er endra litt på, men skuldrene, det beskjedne smilet og blikket er ganske likt.Som ein liten dekkmanøver fekk teikninga tittelen "Margit".
Eg har laga tre teikningar i denne stilen. Den eine er "Hakkekylling" som visast under her, den andre har tittelen "Gunnild".
onsdag 23. juni 2010
Hakkekylling
Hakkekylling
Her har eg prøvd å snu opp ned på begrepet "hakkekylling". I staden for at hakkekyllingen har den triste rollen det er å bli hakka på - så er han blitt den som hakkar. Med eit lite nebb.
Hakk - hakk!Hakkekyllingen er å sjå på Tegnerforbundet sin galleributikk frå 23. juni.
Formatet er ca 60 x 60 cm. Kvit djup ramme.
Abonner på:
Innlegg (Atom)