Viser innlegg med etiketten TUNGENES FYR. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten TUNGENES FYR. Vis alle innlegg

onsdag 3. juli 2013

Juli!

Velkommen
Tenk! Me skriv juli. Og eg er på plass på fyret igjen! Det er så bra - og den beste "sommarjobben" ein kan tenkje seg. Gjennom heile denne herlege juli-månaden er eg stasjonert i uthuset. Her vil eg halde opent atelier stort sett kvar dag - så bur du i området: ta turen! ;)
Prosjektet "Fyrfargar i februar" er nå flytta frå kafeen og inn i uthuset. I tillegg er det mulig å kjøpe grafikk, diverse bøker og andre kjekke ting.

Kaféen held opent kvar dag mellom kl 12 - 16 og kan friste med kaffi, vafler og elles andre gode heimebakte kaker .. nam!

mandag 22. april 2013

Fyrfargar i februar

Nå er prosjektet "Fyrfargar i februar" på plass i kafebygningen på Tungenes fyr. Her ein liten test ute i miljøet!
Les meir om bilda og prosessen: annlaugauestad.com
Utstillinga varer til 25. juni, åpent kvar søndag mellom kl 12 - 16. Frå 16. juni er det åpent kvar dag til same tid.

Testing - testing!  Foto: Cecilie Aarseth

lørdag 2. februar 2013

Fyrfargar i februar

Detalj. Akryl på lerret.

Endeleg har februar meldt sin ankomst! Det betyr at eg er i gang med eit bra prosjekt på Tungenes fyr: "Fyrfargar i februar". Tungenes fyr ligg på nordspissen av Randaberg. Dette er ein heilt unik plass med eit fantastisk lys, og med buldrande hav og sjø på alle kantar.

På Instagram kan du følgje prosjektet, bruk hashtagen #fyrfargarifebruar eller klikk på insta-linkane i høgre spalte.