Viser innlegg med etiketten MIXED MEDIA. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten MIXED MEDIA. Vis alle innlegg

onsdag 8. april 2015

Kunstbutikk på Bryggen i Bergen

Dette er kjempe-kjekt! Eg har fått leige eit lite lokale i 2. etasje på den fantastisk koselege Bryggen i Bergen. Her driv eg for tida og innreder ein liten butikk. Det er berre å stikke innom - planen er å halde åpent skikkeleg ofte! Instagramkontoen @auest_gallery er dedikert til prosjektet, så følg - følg! :)

Instagram: @auest_gallery





mandag 13. januar 2014

Annlaugs samleside

Ja! Då har eg fått på plass ei samleside: annlaugauestad.no.


Illustrasjon frå "Neppe - Då Nisse blei borte", barnebok utgitt på Samlaget

fredag 8. november 2013

God fredag!

Her er dagens fredagshelsing frå meg! Dette er eit akryl på lerret -portrett som eg malte for eit par år sidan. Portrettet har eg fotografert og miksa saman med andre elementer digitalt. Bildet er trykt opp i eit lite opplag som gicleé-trykk. Bildet er å finne i nettbutikken auestad.bigcartel.com
"Barn"

tirsdag 20. november 2012

Åpen dag!

Her er eit turtips for deg som bur i Stavanger-området: 
Den 1. desember blir det åpen dag/mini jule-marknad kl 11 - 16 i atelieret mitt i Bjørheimsbygd skule. Det er ganske enkelt å ta seg fram til "bygdå". Frå Stavanger går Tau-ferja kvar heile og halve time. Ferja tek 40 minutter. Dersom noko uforutsett ikkje skulle hende undervegs, vel og merke. Ja, for det er betimeleg å komme med ein liten advarsel nå. Det er ein viss risiko å ta denne ferja. Mykje kan hende undervegs: motorstopp, ferjelem som ikkje vil opp/ned osv, osv. Prøv feks. eit enkelt google-søk "problem tausambandet" - der er over 5000 treff ... Men, om du er villig å ta denne risken, så er likevel sjangsane relativt store for at ferja legg til land på Tau og du kan puste ut og køyre trygt av. DÅ er det berre å følgje ryfylkevegen i ganske nøyaktig 6 minutter og vips - skulen er på di høgre side. Og når du først har reist den lange vegen frå Stavanger så kan du få kaffi. Det fine atelieret er i det eine klasserommet (det til høgre). I atelieret heng for anledningen eit utvalg bilder. Det blir også mulig å kjøpe silketrykte puter, grafikk, giclee-trykk og dei splitter nye bøkene L. Ands Dagbok og Prins Storm av Ingunn Røyset. Boka Kuvenninnene har eg og. Velkommen innom!





tirsdag 17. august 2010

"Et barn"

"Et barn" - er miksa saman av eit akrylmaleri + ein retro-aktig bakgrunn. Original-portrettet er ca 60 x 60 cm. Maleriet er solgt, men ennå kan ein kjøpe denne varianten i nettbutikken.










mandag 26. juli 2010

"Reisen"


Her er eit nytt eksperiment i serien "Manipulering av gamle kongelege fotografier".
Ryttaren er frå eit foto av Anders Beer Wilse. Bildet viser lille Kronprins Olav til hest. Det opprinnelege bildet er tatt på Kongsgården ser det ut som, men eg ville at dei to skulle ut på tur, så då blei bakgrunnen bytta ut med dette gamle fotoet frå ein eller annan stad i verda. Om det er fra Roma og området "Villa Borghese" er usikkert, men eg syns det likna. Kuvenninne-fotoet er ku nr 0306. (Korfor får dei ikkje navn?) Lykkelegvis har den nå fått eit spennande liv som stolt ryttar på reise!

mandag 12. juli 2010

Belle




Her er Belle! - Nytt eksperiment der ulike element er miksa saman. Eg har testa litt fram og tilbake. Siste variant er litt meir rosa + med striper og runde hjørner.

PS! Belle er nå å finne i butikken.

onsdag 30. juni 2010

Maud





































"Maud"
Nr 2 i serien "Manipulering av gamle kongelege fotografier".
Dette er Dronning Maud i ein ny versjon. Midjen er ikkje manipulert.

"Maud" kan du finne på epla.

Kronprinsen


Kronprinsen
Nr 1 i serien "Manipulering av gamle kongelege fotografier". 
Dette er det første bildet i ein serie der eg undersøkjer korleis ein kan kombinere tegningar med foto. Målet er magi og eventyr! Intet mindre.
Til prosjektet har eg altså valgt gamle, kongelege portretter.