fredag 7. februar 2014

Fredag igjen!

Jepp - fredag igjen - og i dag, 7. februar er det ein illustrasjon eg laga til BT og spalta "Oss i mellom" som visast.
Saka var om kor lett det er å dele ting på nett.

God fredag!



fredag 31. januar 2014

God fredag!



På januars aller siste dag er det eit stykke papirklipp, eit 3-dimensjonalt arbeid med ekte skygge som gjeld: "Men, en dag skjedde det noe skikkelig dumt"
Bildet har eit snev av mystikk og mysterium - og truleg veit karane på busstoppet eit og anna ..

God fredag!

Sjølvsagt er bildet er å finne i kunstbutikken!

tirsdag 28. januar 2014

Ommøblering!

HAKK MED NEBBET!

Alle som har hatt sitt eige rom veit kor fint det er å ommøblere. Gjerne ganske enkelt. Kanskje ein snur på senga, set den under vindauget - eller skrivepulten inn til veggen - borte der ved døra - eller ...

Nå har også La Stå! kost seg med ommøbleringens herlege avkobling! Ta ein titt - det er blitt ganske fint, ikkje sant?

lørdag 25. januar 2014

Snurr film!


BarneTv: Putte i blåbærskogen from Annlaug Auestad on Vimeo.

Animasjonen er eit lite eksperiment; ca 17 scanna teikningar som eg har gjort små variasjonar av i Photoshop. Tv´en er frå 50-talet. Bilde og lyd er sett saman i IMovie. Ole Jørgen Auestad Moen var ca to år då Bestemor, Torhild Moen trykte på "rec" + "play" på kassettspelaren. Han greide å gjengi nesten heile "Putte i båbærskogen". Små strofer frå "Fola blakken" - også av Ole Jørgen - er med som eit bakgrunnsteppe.

Tegnerforbundet galleri

Desse to teikningane - "Maskerade" og eit illustrert sitat av Henrik Ibsen: "Kjære, la oss ikke komme inn på følelser og slikt noe" - er å finne i Tegnerforbundets galleributikk.




Elvis

Dette er nok ei stripe som vart laga til musikknettstaden hissig.no.Tema for stripa var Elvis og dei ulike teoriane som herska rundt hans (angivelege) død.




fredag 17. januar 2014

God fredag!

Tenk - fredag igjen!
Og i dag, 17. januar er det ei litt retroaktig sak som gjeld. Denne stripa laga eg i 2005 - til musikknettstaden hissig.no.
Tema for stripa var rettsaken som kom opp etter at U2 sin tidlegare stylist Lola Cashman vart ferska i å prøve å selge diverse tjuvegods på nettet.





mandag 13. januar 2014

Annlaugs samleside

Ja! Då har eg fått på plass ei samleside: annlaugauestad.no.


Illustrasjon frå "Neppe - Då Nisse blei borte", barnebok utgitt på Samlaget

fredag 10. januar 2014

Nytt bibliotek i Stavanger!

Dette er eit aldri så lite tips til deg som bur rundt omkring Stavanger: I morgon, laurdag 11. januar opnar det nye biblioteket på Sølvberget. Åpningsfesten har eit omfattande program.

Eg skal delta med eit teikneprosjekt - dvs. eg skal ikkje teikne, men vise korleis ein kan teikne på datamaskin og med teiknebrett. Dette er for alle born frå ca 3. klasse og oppover. Trur det kan bli mange fine teikningar!

Og imens me ventar på ein spennande dag på Sølvberget, kan me lade opp med å sjå på desse flotte barneteikningane - laga av ungar på henholdsvis Nordre Strand skule og Tau skule i Strand kommune. Instagram: @tegnekurs
Teiknekurset er i regi av Kulturskolen i Strand.
Du må gjerne følge teikningen på instagram! :)

Kjempefin borg - laga av Ole Jørgen A. Moen ein gong på 90-talet

torsdag 19. desember 2013

Flyttemelding!


Altså - butikken har flytta! Nå er La Stå! på denne adressa: auestad.bigcartel.com
Velkommen til å kikke innom - åpent dag og natt!




torsdag 12. desember 2013

La Stå! på Norske Interiørblogger

"La Stå!" på Norske Interiørblogger - bli med i trekningen om to freidige veggteikningar! Ny frist: laurdag førstkomande.

fredag 6. desember 2013

God fredag!

Dagens fredagshelsing er om familie-juleselskap og kva ein kan gjere for å sleppe unna nok eit juleselskap. Per Sundnes vart intervjua i høve saka og hadde nokre lure triks i ermet. Illustrasjonen var til spalta "Oss i mellom", Bergens Tidende.

















Teikningen er også med på ein utstilling som opnar i morgon 7. desember:
Avistegnernes Årskavalkade 2013
i AvisTegnernes Hus 7.–30. desember 2013
 Norske avistegnere har med sitt skråblikk og sine streker kommentert hendelser gjennom året 2013. Hva ble tegnet?
De nye politiske partnerne, Siv, Olav Thon, romfolks situasjon, Fjordmanns uttalelser, global oppvarming, USAs avlytting av «venner», sykkelutfordringer, velferdsproblemer, fattigdom, krig og konflikter i Syria, Israels murer...
 Omlag 20 av landets avistegnere har selv valgt sine tegninger. I tillegg får Drøbaks to «Fribytegnere», Arifur Rahmann og Fadi Abou Hassan, plass i utstillingen.
 Velkommen til åpning lørdag 7. desember kl 14.00 

fredag 22. november 2013

God fredag!

Tenk, fredag igjen! I dag, den 22. november er det eit glimt frå "Skogsnytt", eit lite nyhende-magasin om- og av dyr som visast i fredagshelsinga.
Foreløpig er det laga to saker, den eine teikninga blei laga då det raste ein pelsdyr-bur-debatt i landet. Tema er kort og godt: Dyr i bur gjer sur! Den andre tek føre seg sangen "Rudolf er rød på nesen" - sett frå Rudolf sitt perspektiv.




fredag 8. november 2013

God fredag!

Her er dagens fredagshelsing frå meg! Dette er eit akryl på lerret -portrett som eg malte for eit par år sidan. Portrettet har eg fotografert og miksa saman med andre elementer digitalt. Bildet er trykt opp i eit lite opplag som gicleé-trykk. Bildet er å finne i nettbutikken auestad.bigcartel.com
"Barn"

søndag 3. november 2013

Foto fra utstillingen


fredag 1. november 2013

Utstillings-tips!

Om du har lyst å vere kulturell i helga og i tillegg bur i Stavanger eller i Haugesunds-området så har eg eit aldri så lite tips: Veggteiknings-utstilling i Tysvær kunstlag. Utstillinga er i samband med bLEST litteraturfestival i Tysvær. Åpning i morgon - laurdag - kl 14. Les gjerne om veggteikningsprosjektet her!

Fredag igjen!

Dette er dagens fredagshelsing - ku og bamse-teikning. Og tema er snart julebordsesong :-)

God fredag!

fredag 25. oktober 2013

Fredag!

Her er dagens fredags-helsing! Dette er ei teikning som eg har laga til Fjell og Vidde. Tema var om å komme i form. Her er det Lars - som har gjort alt feil, og Egil som har gjort alt rett - som er ute på tur

God fredag!
- Og snart er det skisesong!

Ut på tur!

fredag 18. oktober 2013

God fredag!

Her kjem fredagshelsinga - denne gong i form av ein rydde-teikning. Kan passe godt på ein fredag kanskje? Teikninga er laga til Bt og Magasinet + at den også er å finne som ein veggteikning på "LA STÅ!"
Ja - god fredag!

RYDD!

søndag 13. oktober 2013

Måke-stoff

Ny veggteikning på "La stå!" :-) Dette er måke-relatert stoff.

Fin strofe frå Odd Børretzen

Ps. Eg blandar nynorsk og bokmål. Nynorsk her og bokmål der. Men eg tenkjer at det kan vere greit å halde begge målformene ved like - så difor!