torsdag 26. august 2010

Akryl på lerret

For eit par år sidan malte eg dette bildet.
Eg er ganske fasinert av det å jobbe med kun flater og "nedstrippa" billedkomposisjonar.  
Bla. er prosjektet å finne ut meire om maleriets formale kvalitetar:
- Kor få flater kan eit bilde bestå av? - Kva er nødvendig - og når blir elementer overflødige? Og kor mykje kan trekkast frå for at maleriet skal ha noke ved seg.
 Målet er at bildene skal speile eit rom kor stillhet og forenkling er nøkkelord.

Mark Rothko er ein stor inspirasjonskilde. Også Barnett Newman.