onsdag 5. januar 2011

Glad som ei sild!
























Nyåret starta opp med ein kjekk jobb hjå Sildehuset H.J Kyvik i Haugesund. På ein 8 meter lang vegg skal heile produksjonsprosessen visast - fra silda kjem med fiskebåten, og fram til den er fiks ferdig i glas og klar til å etast. Kyvik produserer diverse typar sild, og dei er skikkeleg gode - eg som ikkje var ein typisk ihuga sildeetar er nå omvendt og min favoritt er rømmesild, nam-nam!! ; )) Teikningane er basert på foto + fantasi. Det enklaste når ein skal projisere på vegg er å lage det heile digitalt og så bruke projector for å få plassert illustrasjonane på en fornuftig måte på veggen. Veldig gøy å teikne i stort format!