onsdag 19. juli 2017

Godtfolk!

Nå er det skikkeleg lenge sidan det siste innlegget her på teiknebloggen. Mykje vatn er rent i havet - som dei seier - sidan torsdag 7. januar 2016. Eg bur ikkje lengre i Bergen, butikken er nedlagt og den sivile statusen min er også endra. Ikkje for å bli altfor privat, men denne bloggen skal tross alt handle om "teikning og sånt".
Så. Eg blei altså - som halvparten av nasjonen - skilt. Det er ikkje særleg originalt å skille seg i våre dagar. Til og med dei kongelege driv med den slags. Det er ikkje uvanleg, trur eg, at om ein går gjennom dramatiske endringar i livet så pregar det tilværet på alle frontar. Både som menneske men også kan det påvirke det ein driv med her i livet. Ei skilsmisse kan vere rystande i all si gru. Det veit alle som har prøvd. For min del førte den smertefulle prosessen til at eg slutta med alt som heitte teikning for lang tid. Men ei skilsmisse kan også føre til noko nytt. Når ein berre får gitt det tid. Når ein kjem seg gjennom sorga, smerten og saknet - då kan ein oppleve vekst og utvikling. Og gå vidare. For meg har dette vore ein fase som også har gitt nye perspektiver og nye horisontar. Og som eg nå ikkje ville vore foruten.
Om eg skal driste meg til ein oppmuntrande appell til alle de som opplever liknande ting: stå på - det er ikkje dødeleg - det kan vere tvert imot: livgivande og blomstrande!

Så ja, eg krysse fingrane for livet vidare. Og - sjølvsagt - eg har starta opp igjen med teikninga. :)
Teiknebloggen har forresten fått nytt navn - prestahuset.blogspot.no er bytta ut med annlaug.blogspot.no. Hurra!

Eg legg ved ei lita øving til innlegget - inspirert av diktet "Jeg spurte engang en sebra" som Shel Silverstein har skrive. Svaret til sebraen er ganske godt.

Jeg spurte engang en sebra:
Er du svart med hvite striper
eller hvit med svarte striper?
Og sebraen så på meg og sa:
Er du sterk med svake sider
eller svak med sterke sider?
Er du god med onde påfunn
eller ond med gode påfunn?
Er du glad med triste dager
eller trist med glade dager?
Er du flink med dumme innfall
eller dum med flinke innfall?
Og slik fortsatte og fortsatte
og fortsatte den,
og aldri, aldri, aldri,
spør jeg en sebra om striper igjen.