fredag 10. januar 2014

Nytt bibliotek i Stavanger!

Dette er eit aldri så lite tips til deg som bur rundt omkring Stavanger: I morgon, laurdag 11. januar opnar det nye biblioteket på Sølvberget. Åpningsfesten har eit omfattande program.

Eg skal delta med eit teikneprosjekt - dvs. eg skal ikkje teikne, men vise korleis ein kan teikne på datamaskin og med teiknebrett. Dette er for alle born frå ca 3. klasse og oppover. Trur det kan bli mange fine teikningar!

Og imens me ventar på ein spennande dag på Sølvberget, kan me lade opp med å sjå på desse flotte barneteikningane - laga av ungar på henholdsvis Nordre Strand skule og Tau skule i Strand kommune. Instagram: @tegnekurs
Teiknekurset er i regi av Kulturskolen i Strand.
Du må gjerne følge teikningen på instagram! :)

Kjempefin borg - laga av Ole Jørgen A. Moen ein gong på 90-talet