onsdag 3. juli 2013

Juli!

Velkommen
Tenk! Me skriv juli. Og eg er på plass på fyret igjen! Det er så bra - og den beste "sommarjobben" ein kan tenkje seg. Gjennom heile denne herlege juli-månaden er eg stasjonert i uthuset. Her vil eg halde opent atelier stort sett kvar dag - så bur du i området: ta turen! ;)
Prosjektet "Fyrfargar i februar" er nå flytta frå kafeen og inn i uthuset. I tillegg er det mulig å kjøpe grafikk, diverse bøker og andre kjekke ting.

Kaféen held opent kvar dag mellom kl 12 - 16 og kan friste med kaffi, vafler og elles andre gode heimebakte kaker .. nam!