lørdag 27. oktober 2012

Akryl på lerret

Min fascinasjon for å jobbe med kun flater og fargar ligg til grunn for dette prosjektet. Eg har tidlegare jobba med den same problematikken, men då med eit litt annleis uttrykkTema er flater, fargar, og eit meditativt rom. Komposisjonsmessig etterstreber eg det enkle; kor få flater kan eit bilete bestå av, kva er nødvendig – og interessant – og korleis jobbe fram rike malingsflater.

Basert på skisser, samt foto av tidlegare arbeider har eg i Photoshop plukka frå kvarandre og sett saman flater og former. Dette programmet er eit veleigna verktøy til å flytte rundt på elementer, prøve ut ulike farge-kombinasjonar og formater. Denne prosessen tar tid, gjerne veker før eg syns eg har funne noko som kan projiserast over på eit grunna og bearbeida lerret. Eg likar at lerretet er i ein mørk farge med litt ujevn struktur. Dei abstrakte formene skal ha sin eigen logikk. Det må vere flyt. Og gjerne ein transparent overflate kombinert med tettare flater. Komposisjonen må ha ein passe dose ubalanse/balanse. Ikkje for mange fargar.